Dagsavisen

tips@dagsavisen.no

17. januar 2002
www.dagsavisen.no
NYHETSOVERSIKT
 INNENRIKS
 UTENRIKS
 SPORT
 KULTUR
 KOMMENTAR
 LESENDE LØRDAG
 GRENSELØS SØNDAG
 REISELIV
 NYE TAKTER
 BIL
 UTDANNING
 ØKONOMI
Søk
+ rubrikkannonser
+ abonnement
+ annonsere?
+ om Dagsavisen

Annonser:




 LES OGSÅ:
  Grammy-jazz

  Tips noen om denne saken
Til:
Fra:
Bruk epost-adresser i begge feltene


Siste 50 i Jazz på søndag
+ 06.01: Meir enn vellyd
+ 30.12: Eit norsk jazzår
+ 23.12: Billie Holiday for deg
+ 16.12: Kinesisk og nordisk
+ 09.12: Den levande Coltrane
+ 02.12: Jazz i advent
+ 01.12: Hjelp, vi må ha nødhjelp! Om hvordan nødhjelp virker, selv i de mest håpløse situasjoner
+ 25.11: Årets svensk-norske
+ 18.11: Meir jazzhistorie
+ 18.11: Oscar spelar Arlen
+ 11.11: Europeisk og norsk
+ 04.11: Musikk å vakne til
+ 28.10: Meir fin uglejazz
+ 28.10: Norske jazzportrett
+ 28.10: Det store spranget
+ 21.10: Jazz ved morgongry
+ 21.10: Etta Jones død Jazzhistorie på nett Heath fyller 75
+ 14.10: - Misunner norsk jazz
+ 07.10: Det spennande rommet
+ 07.10: Vakkert frå Kamerun
+ 30.09: Trioen som lever
+ 30.09:  Sinatra-songboka
+ 30.09: Afro-kubanske røter
+ 23.09: Coltranes siste bodskap
+ 16.09: Suverene Diana Krall
+ 09.09: Ikkje for ingenting
+ 09.09: Diz, Getz og andre
+ 09.09: Ein kveld på Birdland
+ 02.09: Satchmo på mange måtar
+ 26.08: Den bortkomne Miles-konserten
+ 26.08: Louis-kornett til sals
+ 26.08: Flip Phillips er død
+ 19.08: Aldri lei av jazz?
+ 19.08: Amerikansk avstemning
+ 12.08: Jazz i stort og smått
+ 12.08: Den sakrale Satchmo
+ 12.08:  JAZZPLUKK
+ 05.08: Den verkelege Satchmo
+ 05.08:  Lang Oslo-jazz
+ 29.07: Monks store sekstital
+ 29.07:  Meir avantgarde
+ 29.07: Soft frå Carol Welsman
+ 22.07: Slutt på Sweet Bazil Den populære jazzklubben Sweet Bazil i New York var open for siste gong 30. april. Eit steinkast frå Village Vanguard i Greenwich Village har klubben halde det gåande i 26 år. Mange store plateinnspelingar skriv seg herifrå, og mus
+ 15.07: Kagges jazzprofilar
+ 15.07: Ei indisk reise
+ 01.07: Gammalt og ungt
+ 01.07: Grenselaust og vakkert
+ 01.07: Jenter og Dølajazz

Sterk norsk start
Jazzåret 2002 er knapt i gang før vi får servert to norske musikkperler, den første signert Terje Gewelt, den andre Sverre Gjørvad.

Opninga er som ein mild vårbris når bassist Terje Gewelt møter den franske pianisten Christian Jacob i «The Water Is Wide», denne vakre folketonen som så mange har gjort sine udøyelege versjonar av, frå Bob Dylan til Rita Eriksen, for ikkje å snakke om Charles Lloyd som let han gje namnet til si vakraste plate. For mange vil Christian Jacob vere eit nytt namn, om du ikkje har høyrt han på til dømes «Time Lines», med Steve Swallow og Adam Nussbaum for eit par år sidan.
     
     Jacob har denne ekstra musikaliteten i spelet sitt som straks får deg til å spisse øyrene. Han har samarbeida mykje med Maynard Ferguson, som han sist gav ut plate saman med, med vokalisten Tierny Sutton og med Flora Purim på plata «Perpetual Emotion». Terje Gewelt treng ingen større introduksjon, sentral som han har vore i norsk jazzliv sidan han på byrjinga av åttitalet gjorde plater med Berklee-kompisane sine i Full Circle. Etter å ha vore med på meir en 50 plateutgjevingar kom hans eige soloalbum i 1999 med «Hide And Seek».
     Her dyrkar den eminente bassisten duoformatet med Jacob på ein utsøkt måte, i Horace Silvers «Lonely Woman», i John Coltranes «Central Park West», og i eit knippe songar han eller Jacob har skrive sjølve. «Kammerjazz» er ei gjengs nemning på musikk i slikt format. Utsøkt er det i alle fall.
     

SODDJAZZ!
     Yeah! Dette er årets første store forundringspakke, eit heidundrande, både hardt og lettsvingande album der eit glimrande band med vokalist Live Maria Roggen framfører musikk mest laga til eit bestillingsverk til Soddjazz under namnet «Jazz Pathetiue». Det er ein liten jazzfestival i Inderøy i Nord-Trøndelag der Sverre Gjørvad var landsdelsmusikar. Dette er også å rekne som solo-debuten på plate til trommeslagaren som elles har gjort seg gjeldande i band som Storytellers og Dingobats. I Trøndelag er sodd ein spesialitet bygdene verkeleg kappast om å lage den beste varianten av, og dette smakar godt. Med unntak av Henry Mancinis «The Days Of Wine Of Wine And Roses» (berre på trommer, følg med), har Gjørvad skrive musikken. Han har brukt tekstar av Jan Kjærstad (inspirert av Duke Ellington i romanen «Forføreren») og prologen til Peter Handke og Wim Wenders i filmen «Himmelen over Berlin». Eirik Hegdahl (saksofon), Øyvind Brække (trombone), Nils-Olav Johansen (gitar), Ståle Storløkken (synth) og Mats Eilertsen (bass) utgjer resten av det uhyre sterke bandet, som i Gjørvads strøkne arrangement svingar så lett og leikande at det er ein fryd for alle sansar. Wow!
     
     

JASON MORAN
     Jason Moran er eit namn som alt har gjort seg bemerka frå det såkalla M-Base-miljøet, som i Brooklyn fekk ein frontfigur i Steve Coleman og hans Five Elements. All Music Guide opphøyer M-Base til ein stilart, men det er vel ein tøyeleg merkelapp som kan brukast på det meste som er «off mainstream» i New York-jazzen.
     
     I stimen av yngre amerikansk jazz er dette uansett eit oppløftande møte med pianisten som platedebuterte med «Soundtrack to Human Motion» (ikkje filmmusikk). Så følgde «Facing Left», før han på fjorårets «Black Star» har alliert seg med den stadig like vitale avantgarde-veteran Sam Rivers (71) på saksofon og fløyte. Dei faste medspelarane er Tarus Mateen (bass) og Nasheet Waits (trommer), musikken er for det meste sjølvskriven. At han har med Jaki Byards «Out Front» vitnar også om musikalsk inspirasjon frå Mingus' gamle pianist. Jason Moran er eit namn verd å følgje. Produsent for Moran er saksofonisten Greg Osby, som sjølv var plateaktuell i fjor med «Symbols Of Light (A Solution)». I bandet: Jason Moran, Scott Colley (bass) og Marlon Browden (trommer) med strykeensemble på fire. Sjekk ut den også!
     
     Terje Gewelt with Christian Jacob:
     «Duality»
     Resonant (Musiklosen)
     
     Sverre Gjørvad:
     «Denne lille pytten er et hav»
     Curling Legs (Musikkoperatørene)
     
     Jason Moran:
     «Black Stars»
     Blue Note (EMI)
     
     Greg Osby:
     «Symbols Of Light (A Solution)»
     Blue Note (EMI)


FRA DAGENS AVIS:
+ Barna sjefer på kjøpesenteret
+ Hevder forholdet til søsteren var godt
+ Foreslår totalforbud mot søppelfyllinger
+ Nekter for å ha presset Stoltenberg
+ Fire av fem unge dropper hjelmen
+ Mobilalibiet rakner
+ Sønnen døde av overdose
+ Thomas Quick planla å rømme
+ Konkursen ryster USA
+ Kina finner ny venn etter 11. september
+ Mottatt som OL-helt
+ Nå vil Solberg vinne
+ Felt av bom - igjen!
+ Kombinert-Hammer trengte pause - dro til Spania
+ NRK dropper hopp-NM i storbakken

© 2002 Dagsavisen. Ansvarlig redaktør Hilde Haugsgjerd. Tekniske meldinger: Webmaster.
Sentralbord: 22 99 80 00 | Besøk: Møllergata 39 ­ Hammersborgs Torg |  Post: Boks 1183 Sentrum, 0107 OSLO