Dagsavisen

tips@dagsavisen.no

11. januar 2002
www.dagsavisen.no
NYHETSOVERSIKT
 INNENRIKS
 UTENRIKS
 SPORT
 KULTUR
 KOMMENTAR
 LESENDE LØRDAG
 GRENSELØS SØNDAG
 REISELIV
 NYE TAKTER
 UTDANNING
 BIL
 ØKONOMI
Søk
+ rubrikkannonser
+ abonnement
+ annonsere?
+ om Dagsavisen

Annonser:




 LES OGSÅ:
  Susannahs val

  Tips noen om denne saken
Til:
Fra:
Bruk epost-adresser i begge feltene


Siste 50 i Jazz på søndag
+ 09.09: Ikkje for ingenting
+ 09.09: Diz, Getz og andre
+ 09.09: Ein kveld på Birdland
+ 02.09: Satchmo på mange måtar
+ 26.08: Den bortkomne Miles-konserten
+ 26.08: Louis-kornett til sals
+ 26.08: Flip Phillips er død
+ 19.08: Aldri lei av jazz?
+ 19.08: Amerikansk avstemning
+ 12.08: Jazz i stort og smått
+ 12.08: Den sakrale Satchmo «Louis And The Good Book» (Verve/Universal) er ei samling av Louis Armstrong gospelliknande innspelingar som opnar med "Nobody Knows The Trouble I«ve Seen«. 20 innspelingar frå 1938 til 1958 viser at Satchmo var ein meister også i det
+ 12.08:  JAZZPLUKK
+ 05.08: Den verkelege Satchmo
+ 05.08:  Lang Oslo-jazz
+ 29.07: Monks store sekstital
+ 29.07:  Meir avantgarde
+ 29.07: Soft frå Carol Welsman
+ 22.07: Slutt på Sweet Bazil Den populære jazzklubben Sweet Bazil i New York var open for siste gong 30. april. Eit steinkast frå Village Vanguard i Greenwich Village har klubben halde det gåande i 26 år. Mange store plateinnspelingar skriv seg herifrå, og mus
+ 15.07: Kagges jazzprofilar
+ 15.07: Ei indisk reise
+ 01.07: Gammalt og ungt
+ 01.07: Grenselaust og vakkert
+ 01.07: Jenter og Dølajazz
+ 17.06: Breckers balladar
+ 10.06: Absolutt snadder
+ 10.06: Perler frå Monica!
+ 27.05: Den essensielle Miles Davis
+ 20.05: Jazzen i frå nord
+ 13.05: Jazz-sommar i mai
+ 13.05: Billy Higgins død
+ 06.05: Charlie Hadens lengt
+ 06.05: Klar for MaiJazz
+ 29.04: Spesielle Susi
+ 29.04: Kunstens augeblink
+ 22.04: Et norsk vårslepp!
+ 08.04: Dagen til Iris
+ 01.04: Keely og Sinatra
+ 01.04: Chick Coreas aveny
+ 25.03: Jazz for vaksne!
+ 18.03: Rosie & Duke!
+ 18.03: Dronninga har landa
+ 11.03: Frå Book'n til bebop
+ 04.03: Jazzisme på norsk
+ 25.02: Dansk alt saman

Suverene Diana Krall
Diana Krall leverer nytt superalbum, no saman med London Symphony Orchestra. Og Knut Riisnæs viser at han er vår store jazzsaksofonist.


 ROALD HELGHEIM (epost)

Diana Krall atter i særklasse på «The Look Of Love».

Diana Krall atter i særklasse på «The Look Of Love».
Diana Krall er her att, og kva kan eg seie? Blant songarane i tradisjonen til Nat King Cole, Frank Sinatra og Julie London er Diana Krall no den største. Jenta som etter debuten «Stepping Out» og «Only Trust Your Heart» gjorde furore i formatet til Nat Kong Coles klassiske trio (piano/vokal, gitar og bass), har utvida meir og meir. «When I Look In Your Eyes» med strykarar var ein suksess i platinaklassen, med Grammy til Krall som beste jazzvokalist. På «The Look Of Love», tar ho steget fullt ut, med London Symphony Orchestra på dei fleste av spora, med tyske Claus Ogerman som dirigent og arrangør.
     
     Ogerman har samarbeida både med Frank Sinatra, Barbara Streisand, Jobim og Michael Brecker, men har dei siste åra konsertrert seg som sin eigen samtidsmusikk. Her viser han atter sitt gamle meisterskap, som arrangør av dei vakre, romantiske amerikanske songane slik dei skal arrangerast, som Johnny Mandel gjorde det på den førre plata. Det er ein eigen kunstart, og når Diana med den sensuelle stemma si serverer songar Nat King Cole, Frank Sinatra, Julie London og andre har gjort udøyelege før henne, er det med ein suveren autoritet. Hennar faste gitarist Russell Malone sit i kompet på dei fleste av songane, saman med bassist Christian McBride og trommeslagar Peter Erskine. Diana er sin eigen akkompagnatør på piano. Dori Caymmi, John Pisano og Rumero Lumambo alternerer på gitar i latin-inspirerte arrangement som på «So Wonderful», «Besame Mucho» og «Dancing In The Dark». Her er Julie Londons store hit «Cry Me A River», «I Get Along Without You Very Well», ein klassikar frå Sinatra-repertoaret, vi høyrer «Love Letters», «I Remember You», «The Night We Call It A Day», tittelsporet er signert Burt Bacharach, og til slutt syng ho «Maybe You'll Be there». Diana Krall er no i ein klasse for seg.
     
     
     

TIÅRS-SYKLUSEN
     Knut Riisnæs er no vår største jazzutøvar på tenorsaksofon. Likevel har det gått eit tiår sidan han gav ut den siste plata si, saman med Jon Christensen, John Scofield og Palle Danielsson. Debut-albumet i eige namn var det sterke «Flukt» i 1982. Han har spela inn to plater med amerikanske Red Holloway og medverka på mange andre plater, men vi har venta på eit nytt solo-album. På «Touching» viser Riisnæs sitt meisterskap frå første låt, som er den vakre tittelmelodien han har skrive sjølv. Og med den balladeprega første delen av plata er eg neppe den einaste til å tenkje på ein annan balladetolkar på dette hornet, John Coltrane, og også Joe Henderson. «You Know I Can», «Angel Eyes» og Keith Jarretts «Love No. 1» er i den same mood, og Riisnæs viser ei suveren behersking i spelet, som ein stor lyrikar. Pianist Dag Arnesen har følgt Riisnæs som viktig medspelar sidan platedebuten, bassist Terje Gewelt og trommeslagar Frank Jakobsen har også vore lenge med i denne samspelte kvartetten. I eit originalt arangement av «All The Things You Are» skrur bandet opp tempoet, og kvartetten står løpet ut like suverent. Kampen om årets norske jazzplate blir hard. Men vi kan ikkje vente ti år på neste Riisnæs-plate.
     
     

OGSÅ TI ÅR
     Ti år har også gått sidan trioen Rob Waring, Carl Morten Iversen og Frank Jakobsen gav ut plata «Secret Red Thread» (Odin). No kjem «Syncronize Your Watches», med Solveig Slettahjell som gjestesolist. Gjest kan ein også kalle Jon Balke, som får oppført tittelsporet frå sitt aller første album med Oslo 13, «Off Balance». Og meiner du å dra kjensel på Jon Balke/Sidsel Endresens «This Is Your Movie», så har du rett. Den syng Sidsel sjølv med sitt eige band på «So I Write» (1990). Vokalist Solveig Slettahjell yter han full rettferd på denne trioens versjon. Nydeleg er ho også på «Finder», frå samarbeidet ho hadde med Håkon Hartberg. Utanom Balkes «Rob Roy» er resten signert Rob Waring, ein vibrafonist i verdensklasse som med sin amerikanske bakgrunn lyder vel så mykje «europeisk». Avslutningnummeret «Deadline» er ein av mine favorittar. Dette er eit band som kan svinge, og eg likar det best når det slepper seg laus og demonstrerer akkurat det, om låtane lyder aldri så «skeive». Frank Jakobsen er like distinkt og klar enten det er med visper eller tyngre slagverk, og Carl Morten Ivsersen, som her er med på si tredje plate av året, fører eit markant basspel.
     
     Diana Krall:«The Look Of Love» Verve (Universal)Knut Riisnæs:«Touching» Resonant (Musikklosen)Rob Waring Trio:«Synchronize Your Watches» Resonant (Musikklosen)


FRA DAGENS AVIS:
+ Lærerne mer fornøyd med lønna
+ Prøvesak for Norge
+ «Vi får ingen åpen debatt hvis vi ikke vet hvem som er kandidater»
+ - Galt av Ap å ta makta
+ Full fart mot «Køben»
+ Sensasjonelt hvalfunn
+ Mohr fikk seks år - anker dommen
+ Opprop mot Jagland
+ «Partiet trenger oss begge»
+ Voldsspiralen dreier på nytt
+ Full krise for British Rail
+ Lederskifte i Kina
+ - Misbrukt av Stasi
+ Fred i enden av tunnelen?
+ Fattiggutten vant VM - prøvde å ta livet sitt
+ VIFs nye superduo
+ Går til «krig» mot Vålerenga
+ Vil politianmelde Skårdal
+ M/S gir seg aldri

© 2002 Dagsavisen. Ansvarlig redaktør Hilde Haugsgjerd. Tekniske meldinger: Webmaster.
Sentralbord: 22 99 80 00 | Besøk: Møllergata 39 ­ Hammersborgs Torg |  Post: Boks 1183 Sentrum, 0107 OSLO